Skogbonaden (òg kalla Skogtapeten) er eit vove biletteppe frå mellomalderen som vart funne ute av bruk og lagt vekk i Skog kyrkje i Hälsingland i Sverige i 1912. Det er no ved Statens historiska museum i Stockholm. Ein reknar med at teppet, som er tidfesta til 1200-talet, har vore nytta som veggteppe i ei mellomalderkyrkje som har stått i området kring Skog.

Detalj av Skogbonaden: Dei tre nordiske helgenkongane Sankt Olav, Sankt Knud og Sankt Erik.
Skogbonaden

Skogbonaden har mykje til felles med Överhogdalstapeten frå 1000- eller 1100-talet.[1] Grödingebonaden, som blei funnen i Grödinge kyrka i Södermanland, er eit biletteppe frå 1400-talet.

Mål og materiale

endre

Teppet er 174 cm langt, 38 cm høgt i den venstre enden, smalnar til 35,5 cm på midten, og aukar i høgd att mot høgre, der eit om lag 16 cm langt stykkje er gått tapt.

Teppet er vove i smettvev (soumak) med ull på kvit linbotn. Det er det siste dømet ein kjenner frå Sverige i denne eldgamle vevstilen.[2] Skogbonaden er også ein av dei eldste tekstilane i Sverige med bruk av plantefargar. Fargane er raude, blåe og gule frå høvesvis krapp, vaid og mjølbær.[3]

Motiv

endre
 
Detalj av Skogbonaden: Ringing med kyrkjeklokkene i klokkestopulen. Litt av kyrkjebygningen (koret og ein liten part av skipet) er å sjå til venstre for stopulen.
 
Detalj av Skogbonaden: Ringaren i klokkestopulen.

Til venstre i det lange og smale teppet er tre mannsfigurar framstilt frontalt, alle med kroner på hovudet. Dei vart tidlegare tolka som dei tre heidne gudane Odin, Tor og Frøy, men etter nye granskingar av teppet er det større grunn til å tru at dei er dei tre nordiske helgenkongane Heilag Olav frå Noreg (som i Sverige vert kalla Olof), Sankt Knud frå Danmark og Sankt Erik frå Sverige.[4] Kvar av dei syner fram noko som skal oppfattast som helgenattributtet deira, og ein rekonstruksjon av desse attributta på grunnlag av spor i tyet etter trådar som vantar, gjer det truleg at dei er desse tre heilaggjorde krigarkongane.

Frå dei tre helgenkongane går det dyr i prosesjon i to rader fram mot ei stavkyrkje som er avbilda på midten av teppet. Dyra er av ein type som gjerne vert kalla «løver», og ein person med tre hovud ser ut til å vere ein slags leiar for prosesjonen. I kyrkja går det føre seg ein seremoni som ein prest og fleire personar tek del i, medan det vert ringt med kyrkjeklokkene i ein klokkestopul som er plassert attmed koret på kyrkja. Frå motsett hald kjem det inn mot kyrkja ein fiendtleg prosesjon av «løver», hestar og menneske.

Biletteppet frå Skog syner òg at det vert det ringt med ei lita klokka som hekk i ein takryttar (eit lite «tårn» på mønet) på sjølve kyrkja. Denne klokka er ikkje ei ordinær kyrkjeklokke, men ei såkalla primklokke som vart nytta i samband med nattverden, framfor alt i samband med det særskilde ritualet som gjekk føre seg før nattverden for å gjere brødet og vinen til nattverden om til Jesu lekam og blod i samsvar med læra om transsubstansiasjonen.[5] Kvar einaste vesle part av brødet og vinen tok heile Jesus opp i seg under dette ritualet, og endra difor substansen fullstendig, sjølv om utsjånaden framleis var den same. Nattverden var soleis eit kultisk måltid der ein tok guden inn i kroppen på ein rett så konkret måte ved å ete nattverdbrødet og drikke vinen. I mellomalderen fekk kyrkjelyden berre brødet, ikkje vinen, medan presteskapet fekk brødet og vinen (slik skikken er i den katolske nattverden i notida òg).

Langt frå alle mellomalderkyrkjer hadde ei slik primklokke på mønet som biletteppet frå Skog syner. Ofte vart det berre ringt med ei lita handklokke i slike høve, eventuelt kan ei lita klokke til bruk i denne samanhengen ha vore hengt opp ein stad inne i kyrkja.

Motivet på biletteppet frå Skog har vore tolka på ulike måtar, men det ser no ut til å vere semje om at det gjer greie for striden mellom dei gode og vonde kreftene. Men innanfor rammene av skildringa av gode krefter i strid med dei vonde, har motivet ikkje berre ei tyding. Det maktpolitiske aspektet i samtida gjer seg soleis sterkt gjeldande ved at motivet òg kan tolkast som ei kristen grunngjeving med tilhøyrande propaganda for maktutøvinga til svenskekongen og den krigerske framferda hans i landområda i aust.[6]

Gjenoppdaging og tolkingar

endre

Teppet vart funne i 1912 av Frans Rodenstam og Erik Salvén, som reiste rundt til kyrkjene i Hälsingland på leit etter tekstil kyrkjekunst til ei utstilling. På denne tida var teppet brukt til å vikla rundt ei brudekrone på loftet til Skog kyrkje. Teppet var i dårleg stand, og vart sendt til Stockholm for å konserverast. Agnes Branting stod for denne jobben. Radiokarbondatering har slått fast at teppet vart laga ein gong mellom 1240 og 1410, mest truleg seint på 1200-talet.[7][1][2] Den opphavlege plasseringa til tekstilet er ikkje kjent; det vart fyrst bygd eit kapell i Skog i 1324.[2]

Erik Salvén meinte at dei tre krona skapningane var tre heilage kongane frå kristendomen. Agnes Branting og Andreas Lindblom valde seinare å tolka dei som dei nordiske nasjonalhelgenane Olav (Noreg), Erik (Sverige) og Knut (Danmark). I 1944 gjekk Salvén med på denne tolkinga.[8]

I 1935 la Sten Anjou fram tanken om at figurane på teppet førestilte dei tre åsagudane Tor, Odin og Frøy.[9] Etter langvarig diskusjon blant historikarar slutta dosent Berndt Gustafsson seg i 1965 til åsagudteorien då han skreiv avsnittet om kristninga av Sverige i tibandsverket Den svenska historien.[10]

Margareta Nockert og Anne Marie Franzén slo i boka Bonaderna från Skog och Överhogdal fast att det truleg er dei tre helgenkongane som er framstilte på teppe. Ein analyse av botntøyet viser at figuren til venstre, som ein tidlegare hadde meint var Odin ettersom han berre hadde eitt auge, opphavleg hadde hatt to auge.[11]

Inspirasjon

endre

Det er laga fleire kopiar av teppet, fyrst ved hjelp av broderi, sidan smettvevnaden minna om denne teknikken, og seinare i vev. Det er ein tidleg voven kopi i Skog kyrkje og ein kopi frå 1920-talet ved Hälsinglands museum.[2]

Skogbonaden har inspirert fleire kunstnarer og kunsthandverkarar. Eit exempel frå 1998 er Britta Carlström si utsmykking av Gamla stan tunnelbanestasjon i Stockholm. Ein kunstnar som har arbeidd mykje med denna motivverda er Margareta Gisselson i Lingbo.[12]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Wiklund, Anna-Maria (12. mai 2009). «Märklig bonad hemma i Hälsingland». Sundsvalls tidning. Henta 19. november 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Busck, Christina (7. mai 2009). «Den unika bonaden från Skog». HelaHälsningland. Arkivert frå originalen 19. november 2016. Henta 19. november 2016. 
  3. «Den virtuella floran: Färgväxter». linnaeus.nrm.se. Henta 28. september 2019. 
  4. Franzén og Nockert 1992, side 58
  5. André 1998
  6. Hoftun 2008, side 321 og frametter
  7. «Skogbonaden». Himlen är här. Church of Sweden. Henta 19. november 2016. 
  8. Bonaden från Skog, Nils Sundquist
  9. Sten Anjou (1935), «Gudatemplets beläten avbildade på bonaden från Skog», Fornvännen 
  10. Tolkningen vidhölls i 1992 års utgåva av Den Svenska historien, band 1 s. 211
  11. Franzén, Anne Marie; Nockert Margareta: Bonaderna från Skog och Överhogdal och andra medeltida väggbeklädnader: [The Skog and Överhogdal wall-hangings and other medieval wall textiles], Kungl. Vitterhets-, historie- och antikvitetsakad., Stockholm 1992 (swe), s. 57, fig.54. ISBN 91-7402-226-1. Libris 7640520. 
  12. «Margareta Gisselson ställer ut i Ovanåker». helahalsingland.se (på svensk). 1. september 2009. Henta 20. juni 2019. 
Bibliografi
  • André, Åke. 1998. Från primklocka til skriftklocka. I Pegelow, Ingalill (redaktør), Ting och tanke : Ikonografi på liturgiska föremål. Kungl. Vitterhets Historie och Antikvitets Akademinens Handlingar 42. Stockholm. S. 225. ISBN 91-7402-278-4
  • Franzén, Anne-Marie & Nockert, Margareta: Bonaderna från Skog och Överhogdal och andra medeltida väggbeklädnader, Almqvist & Wiksell international, Stockholm 1992. ISBN 91-7402-226-1.
  • Hoftun, Oddgeir: Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo 2008. ISBN 978-82-560-1619-8.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Skogbonaden