Hopp til innhald

Perm kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perm kraj
Пермский край
kraj
Flagg
Symbol
Land  Russland
Del av Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Perm
Areal 160 236 km²
Folketal 2 508 239 (1. januar 2023)
Språk russisk
Tidssone UTC +5
Kart
Perm kraj
59°14′00″N 56°08′00″E / 59.233333333333°N 56.133333333333°E / 59.233333333333; 56.133333333333
Wikimedia Commons: Perm Krai

Perm kraj[a] er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Perm, arealet er 160 236 km² og innbyggjartalet er 2 508 239 (2023). Perm kraj vart danna ved samanslåinga av Perm oblast og Komi-Permjakia den 1. desember 2005.

Kultur- og handelssenter i Perm.

Perm kraj ligg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Det høgste punktet er 1469 meter over havet, og ligg i Ural-fjella.

Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938. Det autonome området Komi-Permjakia var underlagt Perm oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Komi-Permjakia eit eige føderasjonssubjekt, sjølv om det framleis var tilknytt Perm oblast. I oktober 2004 vart det avheldt ei folkerøysting om full samanslåing av dei to områda, og framlegget om dette fekk fleirtal.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Perm kraj er minkande. Det minka med 4,5 % frå 1990 til 2003 (frå 3 042 000 i 1990). Dei største byane er Perm (991 200 ibuarar) og Berezniki (156 500).[1]

Den største delen av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

  1. russisk Пермский край Permskij kraj
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Perm kraj